onsdag 25. april 2012

Heilage tekstar i Hinduismen

Heilage tekstar i Hinduismen



Hinduismen har eit mangfald av heilage tekstar, der nokre av dei er over 1000 år gamle. Det er i hinduismen at du finn dei eldste skrivne tekstane i verda.
I hovudsak deler ein dei heilage skriftene inn i to kategoriar, dei som er blitt openberra ( shruti) og dei som er ''hugsa'' (smirti).


Vedaen:

Vedatekstane er eldgamle hinduistiske tekstar som dannar grunnlaget for sjølve hinduismen. Vedatekstane skal ha blitt openberra, og høyrer difor til tekstane,Shruti, det som har blitt høyrt. Tekstane er delt inn i fire hovudseksjonar.

 
1. Rigveda ( tyder: hymnenes eller versenes veda)  inneheld over 1 028 hymnar.
2. Ayurveda ( tyder: læra om livet)  Inneheld kostholdslære og renseteknikkar.
3.Samaveda (tyder:offerritualenes kunnskap) Inneheld mange av dei same tekstane som Rigveda, men skal syngast i staden for å resiterast slik Rigvedaen vert. Tekstane er frå ca. 1000 f.kr.
4. Atharveda inneheld religiøse hymner og besvergande formlar, dette er òg den yngste av dei fire vedaene.

Mahabharata

Mahabarata er eit anna verk innanfor hinduistiske tekstar. Mahabarata høyrer til den litterære gruppa med forteljingar som er huska, eller menneskeskapt.
 Mahabharata er rekna til å vere eit av verdas største verk med rund 100 000 dobbeltvers!
Tradisjonen tilseie at dette litterære verket vart skrive av ein hinduistisk visman,Vyasa,  fire år før Kristus.
Mahabarata vert oversett med: den store fortellingen om Bharata-dynastiet, som viser til kongedømet Bharata der to greiner av slekta brøyt ut i krig som vert skildra over fleire bøker. Den mest kjente teksten frå Mahabharata, og den mest kjende hinduistiske teksten generellt er Bhagavadgita.

 

Bhagavadgita

( herrens song)

Bhagavadgita er 6. boka i det store indiske eposet ( episk dikting, eller forteljing) og er på rundt 700 vers. Bhagavadgita var den fyrste hinduistiske teksten oversatt til Engelsk. I Bhagavadgita følger ein prins Arjun på veg inn mot ein skjebnesvanger konflikt mot slektningane sine på Kurukshetra-sletta. Prins Arjun slit med samvittigheiten sin, ettersom det er sin eigen familie han skal sloss mot. Vognføraren til Prins Arjun viser seg å vere Krishna, ein avatar av Vishnu.
Krishna overtyder Prins Arjun om at han skal gjere dette fordi han er ein del av krigarklassen. 

''verket understreker betydningen av å gjøre sin plikt på den plass man har fått i verden uten å skjele til handlingens frukter''. - direkte frå Wikipedia.

I Bhagavadgita vert det drøfta ulike metodar for å oppnå frigjering, eller moksha.

Handlingens veg (karma yoga, eller karma marga)
Erkjennelsens eller kunnskapens veg (jnna marga)
Hengivenhetens eller kjærlighetens veg  (bhakti yoga, bhakti marga).
Bhagavadgita anbefalar Kjærleiksvegen.

''«Det er nå vanlig å skille mellom tre meningsnivåer i Mahabharata og Bhagavadgita. På ett nivå handler teksten om en ødeleggende krig mellom to brødregrupper. På et annet nivå handler den om en konflikt mellom det rette, dharma, og det urette, adharma, det gode mot det onde. På et tredje plan handler Bhagavadgita om kampen mellom menneskets lavere og høyere vesen, dvs kampen mellom egoistiske og åndelige verdier. Det var dette tredje nivået som var viktig for Gandhi.''
- Charles Wilkinson, oversatte Bhagavadgita.

Puranaene

(frå gamle dagar)
Purane omfattar forteljingar om universet, kosmologi ,geografi og historie. I tillegg til dette fortel Purane om gudane og det dei har drive med. Puranene har ofte fokus på Bhakti( hengivenhet til gud)og Dharma ( å gjere sine sosiale og mennesklege pliktar).
Purane kan delast inn i tre grupper, tekstane som omhandlar Brahama,Vishnu og hans avatarar og om Shiva og gudinna asossiert med han!




Kjelder:

Snl.no
Wikipedia.com

Bileter:

Vedaen:
Artikkelen om vedaen på http://www.wikipedia.com/


Illustrasjon til Purane
www.bhoffert.faculty.noctrl.edu

Prins Arjun og Krishna i vogn:
http://www.hindu-blog.com/2010/12/today-is-gita-jayanti-december-17-2010.html



tirsdag 24. april 2012

Koranen

Koranen er den heilage boka i islam. Den inneheld Muhammeds openberring som han fekk av Allah frå år 610 fram til han døydde i år 632. Den er skriven på arabisk, og omsette eksemplarar er rekna for å vere ugyldige.
Boka er inndelt i 114 suraer (kapittel), der suraene med lengst tekst kjem framst og korte tekstar bakerst. Men det er eitt unntak: den sentrale bøna i islam, al-fatiha. Denne bøna finn ein heilt framst i Koranen.
Kvar sure er delt inn i kortare vers som ein kallar ayat.
Muslimar som trur på Allah, meiner at Koranen er ein kopi av Allah sine ord. Det han sa vart gitt til Muammed via openberringar. Etter at Muhammed var død, skreiv ein nær venn av Muhammed, Zayd ibn Thabit, ned tekstane og samla dei i eitt ekemplar.
Det fins fleire ulike tolkingar av Koranen. Sunni-muslimane og sjiamuslimane har ulike tolkingar, men dei er samde i at Koranen er ei samling av openberringane frå Allah.

http://www.google.no/imgres
I tilknyting med Koranen, brukar mange muslimar også eit bønnekjede når dei ber. Oftast er det 99, 66 eller 33 perler i kjedet. Då det er 99 perler, er det vanleg å resistere Allah sine 99 namn, medan ei perle vert flytta for kvart av dei. Alle dei 99 namna gjer tydeleg klart ulike sider ved Allah sin natur og verksomheit. Det siste namnet, nummer 100, får ikkje muslimar vite om før dei møter han i livet etter døden.

http://www.google.no/imgres



Kjelder/tekst: http://snl.no/Koranen
                     http://nn.wikipedia.org/wiki/Koranen
                     http://www.hive.no/religioner/gjenstander-i-islam-article20241-5805.html
                     
Sentrale festepunkt i Hinduismen


I dette inlegget skal eg fortelje litt om nokre av dei sentrale punkta i Hinduistisk tru og religion.
Hinduistisk tru går i stor grad ut på å nå frelse, altså, livet i seg sjølv er berre ein veg til den endelege ''frelsa''.






Reinkarnasjon 

(atterføding)



Noko av det mest sentrale i Hinduistisk tru, er reinkarnasjon. Reinkarnasjon er, kort fotralt, trua på at ein vert gjenføydd til eit nytt liv etter døden. Denne typen tru heng tett saman med karma, eller lova om konsekvens.

Hinduistane trur at ein lev i ein eving rundgang, samsara,  heilt til ein vert frigjort der i frå, då har ein oppnådd moksha, eller frelse.
Reinkarnasjon heng og tett i hop med det hinduistiske kastesystemet.



 

 

Karma


- lova om konsekvens 

Kva du vert gjenføydt som i ditt neste liv, kjem ann på karmaen din. Karma går ut på at det vil kome konsekvensar for dei handlingane du gjer gode eller dårlege.
Gode handlingar gjer god karma, dårlege handlingar gjer dårleg karma. 
Dersom karmaen din er dårleg, vil du bli atterføydd som noko lengre nede i kastesystemet eventuellt eit dyr eller eit innsekt når du døyr.
Er karmaen din god, vil du bli atterføydd som noko betre og/eller lengre oppe i systemet, meir rikdomar,kunnskap ol.
Karma vert forma av tanke, språklege og kroppshandlingar!


Til forskjell frå Buddhismen der konsekvensane for handlingane dine kjem med ein gong, kjem konsekvensane i Hinduismen i 
''det neste livet''.






Moksha 

- Frelse



I hinduismen er moksha friheiten, det kan samanliknast med den kristne frelsa. Du har fyrst oppnådd moksha når jordslege eigentlutar betyr lite eller ikkje noko for deg. Fyrst då bryt du ut av den evige lidinga av å oppleve samsara/inkarnsjonsringen gong på gong.
Når du bryt ut av samsara har du oppnådd evig kvile, eller moksha.
Samtidig lærer Hinduismen Boddhistvattaprinsippet, at ein som har oppnåd frelse/moksha, velger å forbli menneske slik at dei kan vise andre vegen til moksha.






Kjelder:

Under same himmel, læreverk i RLE for ungd.skulen 1-3

http://snl.no/hinduismen

http://no.wikipedia.org/wiki/Hinduisme

www.himalayanacademy.com

http://www.asia.si.edu/pujaonline/puja/diffgods.html

http://www.joerapisarda.com/

Bilder:


Bilde 2:
 http://joerapisarda.com/the-law-of-cause-and-effect-karma-summarized/
 http://www.sodahead.com/fun/do-you-believe-in-karma/question-2557531/?link=ibaf&q=&imgurl=https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEirmN0CwgrQv0oXBd0YYiU963XC0VlZqSIvPOkDF25cI4CTa9UeByggDd4zxe6CmJHtK-0fQVe_urXj8HmAz21jX4_hnjRusfHrGI3OkFzMgQP-_cmKCxhyuu9BnubgnK2mPU532QqYCc0/s400/karma.jpg
bilde 3: http://www.chopra.com/moksha

Vestmuren

Vestmuren, betre kjend som Klagemuren, blir betrakta som jødane sin heilagste stad sidan romarane ødela tempelet. Det er det einaste som er igjen av det første og andre jødiske tempelet i Jerusalem, og står på ei høgd kalla Tempelhøgda. Muren er 48 meter lang og 18 meter høg. Dette er det viktigaste pilgrimsmålet for jødar i dag.
     På tempelhøgda i dag står klippemoskeen. Muslimar trur at det var der Muhammed for opp til himmelen, og har bygd klippemoskeen til minne om dette. 


Kjelder:
Under same himmel 3
http://no.wikipedia.org/wiki/Jerusalem
http://snl.no/Vestmuren


Bildekjelder:
http://www.westernwallblog.com/wp-content/uploads/Western-Wall-Pic-8.jpg