tirsdag 29. mai 2012

Heilage byggningar og tekstar i Buddhismen

Heilagt hus

Stupaen

Stupaen er ein plass der Buddhistar kan føle nærleik til buddha. Stupaene skal angivelig inneholde ein del av den kremerte Buddha.


Utforming
Harmika-It  er den utforminga som er oppe på den ovale takformen.
Medhi-It er ein sti/veg som går rundt stupaen
Toran-It  er døra/ inngongen til stupaen
Vedica-It er eit rekkverk som symboliserar noko som skal beskytte den heilage stupaen

''The shape of the stupa represents the Buddha, crowned and sitting in meditation posture on a lion throne. His crown is the top of the spire; his head is the square at the spire's base; his body is the vase shape; his legs are the four steps of the lower terrace; and the base is his throne."

- Direkte frå wikipedia

File:Eight great stupas.svg


Det er i hovudsak åtte forskjellige utformingar på Buddhistiske stupaer , spesiellt i Tibetansk Buddhisme. Kvar av dei står for viktige hendingar i livet til Buddha.

Eg legg ved ei lenkje til wikipediasida som forklarar svært godt dei forskjellige betydningane. Sida er på engelsk, men er ikkje vanskelig å forstå:)

http://en.wikipedia.org/wiki/Stupa


Heilage tekster i Buddhismen

Tripitaka er tekstane som vert rekna som heilage i Budhismen. Desse tekstane skal ha blitt nedskrivne etter Buddhas død. Då samlast 500 av hans flinkaste disipplar innkalt til eit møte. Der skulle dei bestemme kva for lære som var rett, og føre dei vidare frå den tidlegare muntlege formen.
Etter dei var ferdige med å skrive, sat dei igjen med eit verk på over 20 000 sider. Denne tekstsamlinga er delt i tre, dei tre korgene.



Tripitaka
Dei tre korgene tar for seg tre ulike ''korger'' med lærdom.
Den fyrste er Vinaya Pitaki. Denne inneheld lover og regler for nonner og munker i kloster.
Den andre er Sutra Pitaki, den tar for seg diverse sutraer, eller taler som Buddha/Siddharta Gautama skal ha skrive.
Den tredje er Abidharama Pitaka som er ei systematisk framstilling av Buddhismen


Kjelder:
http://www.daria.no/skole/?tekst=2167
http://www.wikipedia.no/
under same himmel 3, læreverk for ungdomsskulen
http://www.wikipedia.com/


Bilder

Sabbat

Jødane feirar sabbat, kviledagen, på siste siste dagen i veka, til minne om at Gud skapte verda på seks dagar og kvilte den sjuande. Jødane har søndag som første dagen i veka, så dei feirar den på laurdag, eller meir korrekt, frå solnedgang fredag til solnedgang laurdag. Sabbat betyr kvile eller å avstå frå (i denne samanheng, avstå frå arbeid). Det er og jødane sin viktigaste heilagdag.


Kjelder:
http://snl.no/sabbat
http://no.wikipedia.org/wiki/Sabbat_(j%C3%B8disk)

Viktig for buddhismen

Buddhismen er den einaste av verdsreligionane som meiner at det ikkje fins nokon skapargud. Likevel har dei ein sentral person, Buddha, som dei ber til. Buddha var tidlegare ein mann med namnet Siddharta Gautama. Han vart fødd rundt år 560 f.Kr i India.

http://www.google.no/imgres
Statue av mediterande Buddha

Historia fortel at Siddharta Gautama var prins i India, og at han aldri hadde vore utafor tempelet. Derfor trudde han at livet var likt for alle som for han - han visste ikkje om noko vondt. Han visste ingenting om sjukdommar og døden.
 Ein dag fekk han tenaren med på ein tur utanfor tempelområdet. Då fekk han for første gong sjå korleis verkelegheita var. Han såg sjuke folk, menneske i sorg og liding blandt medmenneska hans som han ikkje visste om. Dette fekk han til å lure, og han spurde tenaren mange spørsmål om dette. Tenaren svarte så godt han kunne, og prinsen vart interessert i ''det verkelege livet''.
Dagane som følgde var dei ute og gjekk. Kvar dag dukka det opp nye ting.
Etter ei tid, gjekk prinsen til arbeid. Han tok tak i det som var dårleg, hjalp menneske og fekk orden på det meste. Dette er bakgrunnen for at Siddharta Gautama i ettertid har fått namnet Buddha, som tyder ''den vakne'', ''den opplyste'' og ''å begripe''.




http://www.google.no/imgres

For buddhustar er det viktig med:
  • -Etikk: ''Tenk på andre som på deg sjølv. Unngå å skade eller krenkje andre, og øv på kjærleik, medkjensle og å vere gåvmild.''
  • -Meditasjon: Mange oppfattar meditasjon ulikt, og det er derfor idividuelt korleis ein mediterar. Buddha meinte at mediteringa var for utviklinga av sinnet.
  • -Forståing: Gjennom etikk og meditasjon skal ein lære og forstå verklegheita. ''Oppnå kunnskap som ein ikkje kan lese/lytte seg fram til''.
  • Å vere sjølvstendig: Sentralt i buddhismen er at kvar enkelt person skal kunne gjennomføre personlege val, tenke sjølv og sjå sjølv. ''Ein skal ikkje godta nokon autoritet.''

http://www.google.no/imgres



Kjelder: http://www.daria.no/skole/?tekst=772
             http://www.krlweb.net/religionane/kortom/buddhismen.htm
             http://no.wikipedia.org/wiki/Buddhisme
             http://www.robinsonlibrary.com/philosophy/buddhism/biography/buddha.htm

Heilage stader i Hinduismen

Heilage stader i Hinduismen


I Hinduismen vert gudshusa, eller tempela rekne til å vere heilage. Hinduistar meiner at gudane er til stades, og bur i tempela noko som igjen gjer at kvart einskild tempel kan vere via til ein spesiell gud. Kvart tempel har i alle fall ein hovudgud som '' bur'' i det heilagaste rommet i tempelet.

Andre stader som vert rekna som heilage i Hinduismen, er elva Ganges. Hinduistar trur at ein på spesielle occationes kan verte rensa for syndene sine og kome nærare frelse ved å bade i elva. I tillegg til dette kjem hinduar frå langt vekke for å spreie asken etter dei døde i elva, noko som skal gjere at ein kjem til himmelen
Elva vert personifisert til å vere gudinna Devi.



Fjellkjeden Himmalaya vert også rekna som heilag. Dette fordi fjellkjeden etter sigande skal vere far til den hinudistiske gudinna Parvati.




I Hinduismen har ein òg sju heilage byar som er store mål for pilgrimsreiser.

  1. Ayodhya
  2. Mathura
  3. Haridwar
  4. Varanasi
  5. Kanchipuram
  6. Dvaraka
  7. Ujjain


Frå den fjerde viktigaste byen, Varanasi









Bilder:

Bilde 3
Bilde 2
Bilde 1

http://hinduism.iskcon.org/practice/503.htm
http://www.indianetzone.com/29/religious_importance_ganga_river.htm

mandag 28. mai 2012

Retningar innanfor Jødedommen

I det Gamle testamentet blir jødane omtalt som "eit folk". Likevel har det dei siste to hundre åra dukka opp mange nye retningar. Sjølv om dei er einige i mykje, er det nokon ting dei skil seg soesielt ut på. Blant anna er dei ikkje eininge i korleis ein skal forholde seg til dei gamle tekstane, om kor viktig det er å følgje reglane som står i dei, kor heilage dei er, og om dei skal fornyast eller ikkje. Felles for alle retningane er at dei held fast til historia si. Her er nokre av hovudretningane:


     Ortodoks jødedom
Ortodoks tyder rett lære, og er "tradisjonell, offisiell jødedom". Dei ynskjer å følgje flest mogeleg av reglane i Tanach og Talmud som passar inn i det moderne samfunnet vi lever i. Dei meiner også at Moses verkeleg fekk Toraen på Sinai-fjellet. Menn skal be (minst) tre gongar kvar dag, og kvinner og menn skal fylle ulike roller. I dag representerar denne retninga eit mindretal av jødar, men er fortsatt ganske utbreitt i USA og Israel.
Ultraortodokse jødar
Ortodoks jødedom blir ofte delt inn i tre: Haredisk jødedom, mest kjend som ultraortodoks jødedom, tillet ikkje at medlemmar tar seg vanleg utdanning eller jobb, og meiner ein først og fremst skal vie livet sitt til å studere Toraen, skilt frå det moderne samfunnet. Hasidistisk jødedom er utbreitt i Aust-Europa, medan moderne ortodoks jødedom tar
meir hensyn til vitenskapen og det moderne samfunnet i dag.


     Liberal- og reformjødedom
Reformjødedommen trur ikkje at Toraen er av guddommeleg opprinning, men skrivne av menneske inspirerte av Gud, som gjer at den må bli tilpassa etter den moderne tida. Dei brukar også ein fornya utgåve av Siddur i gudstenester. Denne retninga er spesielt utbreitt i USA.


     Konservativ jødedom
Dette er eit utspring frå reformjødedommen, som meinar at reformjødedommen gjekk "for langt i å tilpasse seg sine omgivelser og valgte derfor en mellomting". Dei konservative meiner at Toraen er av guddommeleg opprinning, men og at den er nedskrive av menneske. Akkurat som reformjødedommen er denne retninga hovudsakleg utbreitt i USA.


     Rekonstruksjonisme
Utspring av den konservative jødedommen. Dei mener at Toraen ikkje er eit resultat av ein guddommelig åpenbaring, men viktig for den jødiske tradisjonen og søket etter det guddommelege. Tradisjonen er og viktig for rekonstruksjonistane, blant anna for å skape ein identitet.

Kjelder:
Under Same Himmel 2
http://www-lu.hive.no/team/t03ac/krl/transparent_religioseretninger.html
http://www.krlweb.net/religionane/KORTOM/splittelse/spl_Jodedommen.htm
http://no.wikipedia.org/wiki/Ortodoks_j%C3%B8dedom
http://no.wikipedia.org/wiki/%E1%B8%A4asidisk_j%C3%B8dedom
http://no.wikipedia.org/wiki/Ultraortodoks_j%C3%B8dedom
http://nn.wikipedia.org/wiki/Moderne_ortodoks_j%C3%B8dedom
http://en.wikipedia.org/wiki/Judaism


Bildekjelder:
http://gfx.dagbladet.no/labrador/544/544554/5445543/jpg/active/960x.jpg

onsdag 23. mai 2012

Høgtider

Tradisjonar og høgtider varierer mykje frå muslim til muslim. Kva slags merkedagar og høgtider kvar enkelt muslim praktiserar er delvis avhengig av kva land personen kjem frå, og kor aktiv han er i trua.
Dei to retningane innanfor islam, shiaislam og sunniislam, er ikkje einige om kva slags hadit-samlingar* som er mest truverdige. Derfor vert nokre høgtider berre feira av den eine gruppa.
(*Hadit-samlingar er forteljingane om kva profeten Muhammed sa og gjorde)

Felles for begge retningane: 
  • Fredag er ein viktig dag. Grunnen til det er at muslimar meiner at religiøse handlingar som vert utførte på ein fredag, er betre enn det som vert gjort elles i veka.
  • Ramadan. Den 9. måneden, etter den muslimske kalenderen, skal alle muslimar faste når det er dagslys.
  • Fastebrytningsfesten er ein fest der musimar feirar at Ramadan er ferdig.
  • Den store festen er ein ''offerfest'' for å hylle at Abraham ofra eit lam i staden for sonen sin, Isak. Festen er 2 månedar og 10 dagar etter fastebrytingsfesten.
  • Ashurah er til minne om at Allah redda Moses og jødane frå faraoen i Egypt. Det er også dagen då Muhammeds barnebarn vart drepen i slaget ved Kerbala. Mange muslimar ''gjenopplever'' dagen veds å slå seg sjølv til blods. 
  • Muslimsk nyttår feiras ikkje som ein offisiell islamsk heilag dag, men mange muslimar har ulike tradisjonar for dagen.
  • Profetens fødselsdag er for å feire Muhammed. I ''Den Islamske Bevegelse'', ei gruppe innanfor islam, er det forbode å feire denne dagen. Også mange arabiske land har forbudt å praktisere feiring av dagen.
  • Laylat al-Qadr, på norsk skjebnenatta, er rekna for å vere den mest heilage natta gjennom heile året, og er alltid i slutten av Ramadan. Det er sagt at det skal vere den natta at Koranen vart openbert til Muhammed. Mange meiner også at dei som ber frivilleg denne natta får tilgjeving for alle syndene sine.
  • Laylat ul-Isra' wa I-Miraaj er til minne om dagen då Muhammed vart teke med til ''den ytterste moske'' og steig opp i himmelen. 
  • Laylat ul-Bara'ah: mange reiser til gravene der dei nærmaste ligg. Muslimar er vakne heile natta for å be, i håp om å ikkje døy i komande år.
Illustrasjonsbilde for Layat al-Qadr
http://www.google.no/imgres


Kjelde:-  http://no.wikipedia.org/wiki/Islamske_h%C3%B8ytider
           - (sjå under bilde)

onsdag 25. april 2012

Heilage tekstar i Hinduismen

Heilage tekstar i Hinduismen



Hinduismen har eit mangfald av heilage tekstar, der nokre av dei er over 1000 år gamle. Det er i hinduismen at du finn dei eldste skrivne tekstane i verda.
I hovudsak deler ein dei heilage skriftene inn i to kategoriar, dei som er blitt openberra ( shruti) og dei som er ''hugsa'' (smirti).


Vedaen:

Vedatekstane er eldgamle hinduistiske tekstar som dannar grunnlaget for sjølve hinduismen. Vedatekstane skal ha blitt openberra, og høyrer difor til tekstane,Shruti, det som har blitt høyrt. Tekstane er delt inn i fire hovudseksjonar.

 
1. Rigveda ( tyder: hymnenes eller versenes veda)  inneheld over 1 028 hymnar.
2. Ayurveda ( tyder: læra om livet)  Inneheld kostholdslære og renseteknikkar.
3.Samaveda (tyder:offerritualenes kunnskap) Inneheld mange av dei same tekstane som Rigveda, men skal syngast i staden for å resiterast slik Rigvedaen vert. Tekstane er frå ca. 1000 f.kr.
4. Atharveda inneheld religiøse hymner og besvergande formlar, dette er òg den yngste av dei fire vedaene.

Mahabharata

Mahabarata er eit anna verk innanfor hinduistiske tekstar. Mahabarata høyrer til den litterære gruppa med forteljingar som er huska, eller menneskeskapt.
 Mahabharata er rekna til å vere eit av verdas største verk med rund 100 000 dobbeltvers!
Tradisjonen tilseie at dette litterære verket vart skrive av ein hinduistisk visman,Vyasa,  fire år før Kristus.
Mahabarata vert oversett med: den store fortellingen om Bharata-dynastiet, som viser til kongedømet Bharata der to greiner av slekta brøyt ut i krig som vert skildra over fleire bøker. Den mest kjente teksten frå Mahabharata, og den mest kjende hinduistiske teksten generellt er Bhagavadgita.

 

Bhagavadgita

( herrens song)

Bhagavadgita er 6. boka i det store indiske eposet ( episk dikting, eller forteljing) og er på rundt 700 vers. Bhagavadgita var den fyrste hinduistiske teksten oversatt til Engelsk. I Bhagavadgita følger ein prins Arjun på veg inn mot ein skjebnesvanger konflikt mot slektningane sine på Kurukshetra-sletta. Prins Arjun slit med samvittigheiten sin, ettersom det er sin eigen familie han skal sloss mot. Vognføraren til Prins Arjun viser seg å vere Krishna, ein avatar av Vishnu.
Krishna overtyder Prins Arjun om at han skal gjere dette fordi han er ein del av krigarklassen. 

''verket understreker betydningen av å gjøre sin plikt på den plass man har fått i verden uten å skjele til handlingens frukter''. - direkte frå Wikipedia.

I Bhagavadgita vert det drøfta ulike metodar for å oppnå frigjering, eller moksha.

Handlingens veg (karma yoga, eller karma marga)
Erkjennelsens eller kunnskapens veg (jnna marga)
Hengivenhetens eller kjærlighetens veg  (bhakti yoga, bhakti marga).
Bhagavadgita anbefalar Kjærleiksvegen.

''«Det er nå vanlig å skille mellom tre meningsnivåer i Mahabharata og Bhagavadgita. På ett nivå handler teksten om en ødeleggende krig mellom to brødregrupper. På et annet nivå handler den om en konflikt mellom det rette, dharma, og det urette, adharma, det gode mot det onde. På et tredje plan handler Bhagavadgita om kampen mellom menneskets lavere og høyere vesen, dvs kampen mellom egoistiske og åndelige verdier. Det var dette tredje nivået som var viktig for Gandhi.''
- Charles Wilkinson, oversatte Bhagavadgita.

Puranaene

(frå gamle dagar)
Purane omfattar forteljingar om universet, kosmologi ,geografi og historie. I tillegg til dette fortel Purane om gudane og det dei har drive med. Puranene har ofte fokus på Bhakti( hengivenhet til gud)og Dharma ( å gjere sine sosiale og mennesklege pliktar).
Purane kan delast inn i tre grupper, tekstane som omhandlar Brahama,Vishnu og hans avatarar og om Shiva og gudinna asossiert med han!




Kjelder:

Snl.no
Wikipedia.com

Bileter:

Vedaen:
Artikkelen om vedaen på http://www.wikipedia.com/


Illustrasjon til Purane
www.bhoffert.faculty.noctrl.edu

Prins Arjun og Krishna i vogn:
http://www.hindu-blog.com/2010/12/today-is-gita-jayanti-december-17-2010.html