tirsdag 29. mai 2012

Viktig for buddhismen

Buddhismen er den einaste av verdsreligionane som meiner at det ikkje fins nokon skapargud. Likevel har dei ein sentral person, Buddha, som dei ber til. Buddha var tidlegare ein mann med namnet Siddharta Gautama. Han vart fødd rundt år 560 f.Kr i India.

http://www.google.no/imgres
Statue av mediterande Buddha

Historia fortel at Siddharta Gautama var prins i India, og at han aldri hadde vore utafor tempelet. Derfor trudde han at livet var likt for alle som for han - han visste ikkje om noko vondt. Han visste ingenting om sjukdommar og døden.
 Ein dag fekk han tenaren med på ein tur utanfor tempelområdet. Då fekk han for første gong sjå korleis verkelegheita var. Han såg sjuke folk, menneske i sorg og liding blandt medmenneska hans som han ikkje visste om. Dette fekk han til å lure, og han spurde tenaren mange spørsmål om dette. Tenaren svarte så godt han kunne, og prinsen vart interessert i ''det verkelege livet''.
Dagane som følgde var dei ute og gjekk. Kvar dag dukka det opp nye ting.
Etter ei tid, gjekk prinsen til arbeid. Han tok tak i det som var dårleg, hjalp menneske og fekk orden på det meste. Dette er bakgrunnen for at Siddharta Gautama i ettertid har fått namnet Buddha, som tyder ''den vakne'', ''den opplyste'' og ''å begripe''.




http://www.google.no/imgres

For buddhustar er det viktig med:
  • -Etikk: ''Tenk på andre som på deg sjølv. Unngå å skade eller krenkje andre, og øv på kjærleik, medkjensle og å vere gåvmild.''
  • -Meditasjon: Mange oppfattar meditasjon ulikt, og det er derfor idividuelt korleis ein mediterar. Buddha meinte at mediteringa var for utviklinga av sinnet.
  • -Forståing: Gjennom etikk og meditasjon skal ein lære og forstå verklegheita. ''Oppnå kunnskap som ein ikkje kan lese/lytte seg fram til''.
  • Å vere sjølvstendig: Sentralt i buddhismen er at kvar enkelt person skal kunne gjennomføre personlege val, tenke sjølv og sjå sjølv. ''Ein skal ikkje godta nokon autoritet.''

http://www.google.no/imgres



Kjelder: http://www.daria.no/skole/?tekst=772
             http://www.krlweb.net/religionane/kortom/buddhismen.htm
             http://no.wikipedia.org/wiki/Buddhisme
             http://www.robinsonlibrary.com/philosophy/buddhism/biography/buddha.htm

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar