mandag 28. mai 2012

Retningar innanfor Jødedommen

I det Gamle testamentet blir jødane omtalt som "eit folk". Likevel har det dei siste to hundre åra dukka opp mange nye retningar. Sjølv om dei er einige i mykje, er det nokon ting dei skil seg soesielt ut på. Blant anna er dei ikkje eininge i korleis ein skal forholde seg til dei gamle tekstane, om kor viktig det er å følgje reglane som står i dei, kor heilage dei er, og om dei skal fornyast eller ikkje. Felles for alle retningane er at dei held fast til historia si. Her er nokre av hovudretningane:


     Ortodoks jødedom
Ortodoks tyder rett lære, og er "tradisjonell, offisiell jødedom". Dei ynskjer å følgje flest mogeleg av reglane i Tanach og Talmud som passar inn i det moderne samfunnet vi lever i. Dei meiner også at Moses verkeleg fekk Toraen på Sinai-fjellet. Menn skal be (minst) tre gongar kvar dag, og kvinner og menn skal fylle ulike roller. I dag representerar denne retninga eit mindretal av jødar, men er fortsatt ganske utbreitt i USA og Israel.
Ultraortodokse jødar
Ortodoks jødedom blir ofte delt inn i tre: Haredisk jødedom, mest kjend som ultraortodoks jødedom, tillet ikkje at medlemmar tar seg vanleg utdanning eller jobb, og meiner ein først og fremst skal vie livet sitt til å studere Toraen, skilt frå det moderne samfunnet. Hasidistisk jødedom er utbreitt i Aust-Europa, medan moderne ortodoks jødedom tar
meir hensyn til vitenskapen og det moderne samfunnet i dag.


     Liberal- og reformjødedom
Reformjødedommen trur ikkje at Toraen er av guddommeleg opprinning, men skrivne av menneske inspirerte av Gud, som gjer at den må bli tilpassa etter den moderne tida. Dei brukar også ein fornya utgåve av Siddur i gudstenester. Denne retninga er spesielt utbreitt i USA.


     Konservativ jødedom
Dette er eit utspring frå reformjødedommen, som meinar at reformjødedommen gjekk "for langt i å tilpasse seg sine omgivelser og valgte derfor en mellomting". Dei konservative meiner at Toraen er av guddommeleg opprinning, men og at den er nedskrive av menneske. Akkurat som reformjødedommen er denne retninga hovudsakleg utbreitt i USA.


     Rekonstruksjonisme
Utspring av den konservative jødedommen. Dei mener at Toraen ikkje er eit resultat av ein guddommelig åpenbaring, men viktig for den jødiske tradisjonen og søket etter det guddommelege. Tradisjonen er og viktig for rekonstruksjonistane, blant anna for å skape ein identitet.

Kjelder:
Under Same Himmel 2
http://www-lu.hive.no/team/t03ac/krl/transparent_religioseretninger.html
http://www.krlweb.net/religionane/KORTOM/splittelse/spl_Jodedommen.htm
http://no.wikipedia.org/wiki/Ortodoks_j%C3%B8dedom
http://no.wikipedia.org/wiki/%E1%B8%A4asidisk_j%C3%B8dedom
http://no.wikipedia.org/wiki/Ultraortodoks_j%C3%B8dedom
http://nn.wikipedia.org/wiki/Moderne_ortodoks_j%C3%B8dedom
http://en.wikipedia.org/wiki/Judaism


Bildekjelder:
http://gfx.dagbladet.no/labrador/544/544554/5445543/jpg/active/960x.jpg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar