fredag 30. mars 2012

Tanach, Talmud og Siddur

- Dei heilage tekstane i Jødedommen

     Jødedommen har eit av dei største skriftsamlingane av alle verdsreligionane. 


     Tanach - Toraen, Profetane og Skriftene
Når du får vite at Tanach er eit anna namn på Det Gamle Testamentet, kan det med ein gong virke meir kjent. Men sjølv om det er same teksten som i Kristendommen, blir den langt ifrå tolka likt. Noko av grunnen kan vere oversettingar. Medan fleirtalet av jødane kan lese Tanach på det opprinnlege språket (Det Gamle Testamentet blei opprinneleg på hebraisk), les vi oversettelsar. Noko av meininga i det som har blitt skrive, kan ha forsvunne under oversettinga, blant anna biletforbodet.
     Tanach er delt inn i tre delar. Den viktigaste delen, Toráen, består av dei 5 mosebøkene. I Toráen står det mange lovar og reglar som jødar skal føgje, spesielt i dei siste bøkene, fjerde og femte mosebok. Toraen har ein bestemt plass i det jødiske gudshuset, synagogen, i eit skap på veggen, handskrive på rullar. Nebiím (Profetane) inneheld alle profetane. Ein kan også dele Nebiím inn i to delar: Dei tidlegare profetane, og dei seinare profetane. Ketubím (Skriftene) er resten av bøkene.


     Talmud - Den munnlege Toraen
Talmud er jødane si største skriftsamling. Den blir kalla den munnlege toraen fordi. Den er delt inn i to delar: Halakha, "læra om dei religiøse forpliktelsane", og Gemara, som er utdjupande rabbinar-kommentarar. Talmud stammar blant anna frå tekstar i Toraen. Det finst to forskjellige versonar, eller fornyingar, av Talmud: Den palestinske Talmud og den israelske Talmud. Den palestinske Talmud blei skrive rundt 400, medan den babyloniske Talmud blei skrive rundt 500. 
Den babyloniske er den klart mest omfattande versjonen, og den som blir
brukt mest i dag. Det har dei siste åra vore debatt om i kva grad Talmud skal fornyast.

     Siddur - Bøneboka
Bøneboka Siddur blir brukt både til kvardags og til høgtider, i heimen og i synagogen. 


Kjelder:
Under Same Himmel 3
http://www.krlweb.net/religionane/KORTOM/Jodedommen.htm 
http://snl.no/Talmud 
http://snl.no/halakha
http://snl.no/gemara

Bildekjelder:
http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/8/80/Hebrew_Sefer_Torah_scroll.JPG

torsdag 29. mars 2012

Kristendom

Generelt: Kristendom, saman med Buddhisme, Jødedom, Islam og Hinduisme, er ein av dei største verdsreligionane. Kristne byggjer trua si på at det fins èin gud (monotetisk), og at det er Han som har skapt alt på jorda.


Heilage hus: Kyrkja er det heilage huset i kristendommen. Kyrkja er ein heilag møtestad mellom menneske og Gud. Menneska får eit spesielt nervær til Gud nær dei er i kyrkja. I den heilage bygningen føregår det feiringar av gudstenester og messer, i tillegg til arrangering av dåp, konfirmasjon, bryllaup, nattverd og gravferd.
I tillegg fins det også diverse aktivitetar i kyrkja, som kor, bibelgrupper osv.
Det fins nokre reglar som ein må følgje når ein er i kyrkja. Nokre av dei er at gutar og menn ikkje skal ha hattar/luer på seg, at alle skal vere rolege og at ein kler seg fint.
http://www.google.no/imgres?



Heilage tekstar: Dei heilage tekstane i kristendommen er samla i Bibelen. Bibelen delast i to: Det Gamle Testamentet og Det Nye Testamentet. Det Gamle Testamentet handlar om tida før Jesu fødsel og forberedar menneska på at noko skal kome. Det Nye Testamentet byrjar med Jesu fødsel og held fram med livet hans. GT har 39 bøker, medan NT har 27.
Kristendommen lærer at Bibelen inneheld Guds ord til menneska.
http://www.google.no/imgres?


Høgtider: I jula feirar vi Jesu fødsel. Tida før jul, kallar vi advent. Det er tida vi ventar på at Jesus skal kome.

Vi feirar påske fordi Jesus døydde for å setje menneska fri. Skjærtorsdag er til minne om hans siste kveld med læresveinane då han delte ut brød og vin, og vaska føtene deira. Langfredag var dagen då han vart hengd på korset. Han døydde og vart gravlagd. To dagar seinare, 1. påskedag, er dagen då Maria kom og fann Jesu grav tom. Jesus hadde då stått opp att.

Pinsa kjem 49 dagar etter Jesu oppstode. Dagen er til minne om då Den heilage ande kom til læresveinane.
http://www.google.no/imgres?



Kjelder, tekst: Under same himmel, http://no.wikipedia.org/wiki/Pinse,  http://no.wikipedia.org/wiki/Kristendom

mandag 26. mars 2012

Hinduismen

Gudar i hinduismen


Religionen hinduisme er til forskjell for dei fleste religionar polyteistisk. Det vil seie at religionen har to eller fleire gudar i staden for ein allmektig gud. Hinduismen har eit vidt spekter av gudar, mildt sagt! Det finns forskjellige gudar for ulike delar av tilhengjarane og til ulike periodar av livet. Det er umogleg å presentere alle dei hinduistiske gudane i dette inlegget ogvanskeleg i det heile tatt!
Men eg skal prøve å gje eit kort samandrag av nokre av dei mest sentrale hindusitiske gudane.






Guden Vishnu, opretthaldaren

Vishnu

Vishnu er ein av ''hovudgudane'' i hinduistisk religion. Med omkring 700 millionar tilhengjarar.
Vishnu vert ofte rekna som å vere tilstade i alle ting, samtidig som han òg vert spesifisert til å vere ein ''person''.
Vishnu er opretthaldaren av verdsordenen.  For å gjere dette, må han ofte ta form som ein avatar stige ned på jorda, og rydde opp eller bekjempe ondskapen som trugar verda. Han kan ta form som ei skilpadde eller eit villsvin. Men dei to viktigaste
nedstigingane/ avatarane hans er rama og krishna.
Vishnu er fyllt med kjærleik og medfølelse, og vert ofte kalla kjærleikens gud. I trimurti ( hinduistisk konsept om ein treeinigheit, der funksjonane skapelse, oppretthalding og øydelegging vert representert av gudane brahama, vishnu og shiva) representerar Vishnu opretthalding.
Vishnu er ''gift'' med gudinna lakshmi.

http://www.google.no/imgres?



Fil:Brahma, Vishnu and Shiva seated on lotuses with their consorts, ca1770.jpg
Den heilage treeinigheita Brahaman, Vishnu og Shiva med konene
http://no.wikipedia.org/wiki/Fil:Brahma,_Vishnu_and_Shiva_seated_on_lotuses_with_their_consorts,_ca1770.jpg
Brahama

Brahama er skaparguden i hinduismen. Kreftene hans vert kalla brahaman, som tyder verdssjela. Han herskar over dei fire himmelretninga, noko som vert symbolisert i måleri og teikningar der han har fire ansikt. Ein kan til alle tider berre sjå tre av dei, men hinduistiske skrifter fortel at han har fire.
 I tillegg til dette er brahama visdomsguden. Sjølv om Brahama er skaparguden, vert han i liten grad tilbedt av hinduistar generellt.

Brahama med sine fire ansikter i ein lotus
http://www.google.no/imgres?um=1&hl=nn&sa=N&gbv=2&tbm=isch&tbnid=eGvamnwpjoJRWM:&imgrefurl=http://compartiendoculturas.blogspot.com/2010/02/brahma.html&docid=SD7phb9bmK6HTM&imgurl=http://www.artoflegendindia.com/images/images_big/pbaaf001_brahma_the_creator.jpg&w=550&h=717&ei=JT5jT4XmM-nf4QTI4tyDCA&zoom=1&iact=hc&vpx=433&vpy=114&dur=3562&hovh=256&hovw=197&tx=134&ty=120&sig=100356841567473499007&page=1&tbnh=129&tbnw=92&start=0&ndsp=22&ved=1t:429,r:2,s:0&biw=1280&bih=603
Brahama er ''gift'' med gudinna for kunst, musikk og litteratur, og i nokre tradisjonar har han endå ei hustru, Gayatri. Gayatri er gudinna for oppegåande velsigning og livsgjevande kraft.
Til forskjell frå Shiva og vishnu, er ikkje Brahama ein evig gud. Når ei ny verd skal skapast, veks det ein lotus ut av navlen til Vishnu, og der skal den nye Brahaman vere.
 Shiva         

Shiva er i lag med Brahama og Vishnu ein av dei høgaste, og ein av dei mest tilbedte gudane. Shaivaismen (retninga for dei som fast tilber Shiva) er ein av dei største hinduistiske greinane med 30% av hinduistane.
Shiva er verken god eller ond, sjølv om han fungerar som øydleggaren i trimurti. Shiva vert ofte framstilt i lag med kona si, og hans kvinnlege motstykke, Parvati.
Shiva representerer meditasjon, askese, fruktbarhet, den øydeleggande krafta og velgjeraren.

Shiva vert ofte framstillt sittande på kremasjonsstade innsmurt i aske med slangar rundt seg, skitten og ustellt. Shiva likar òg å nytte seg av alkohol, opium og cannabis.



Devi, gudinna


devi
By you this universe is borne, By you this world is created, O Devi, by you it is protected."
(Devi-Mahatmya)

Devi betyr bokstaveleg talt gudinna.
Gudinna Devi fungerar fyrst og framst som ei kosmisk kraft som øydelegger djevelske farer som trugar likevekta i verda.
I orden er Devi med å forme, øydelegge og gjenforme verda.
I andre tilfeller stig Devi ned på jorda for å vere eit godt forbilete for kvinnene på jorda. I tilleg til dette donerar ho rikdom og suksess til sine tilhengjarar.
Difor er Devi også ofte ''beskyttar'' for landsbyar, byar og stammefolk.
Devi vert beskriven som eldre enn tid, men fortsatt  tida sjølv. Ho har ikkje noko form, men kan bli funne i alle former på jorda. Ho er tilstades i alle ting, men forbigår alle ting. Ho forandrar seg heile tida, men ho er til evig tid den same.


Ganesha

god


Ganesha ( '' de prominentes leder'' ) er son til Shiva og Parvati, og guden for visdom, litteratur og verdssuksess.
Ganesha har eit elefanthovud, etter at far hans shiva, måtte finne eit nytt houvud til son sin. Shiva hadde i reddsle kutta av hovudet til son sin, fordi han ikkje gjenkjente han. Elefanthovudet var erstattninga shiva fann.
Elefanter er ofte assossiert med å leve lenge, å aldri gløyme, er modige lojale og snille.
Det er Ganesha sitt ansvar å bestemme mellom suksess og feiling, lage og fjerne hindringar. Ganesha rir på ei rotte eller ei mus, som skal symbolisere at Ganesha kan ''gnage'' seg gjennom, og fjerne alle hinder.
Sidan Ganesha er guden for visdom, er det vanleg at studentar ber til Ganesha om hjelp i studietida.

Dattatreya
Dattatreya er ein hindusitisk gudeskikkelse. Nokre reknar Dattatreya for å vere ein reinkarnasjon av vishnu, andre ein avatar for  dei tre gudane i trimurti.
Dattatreya har tre hovud, noko mange meinar symboliserar trimurti eller fortid, notid og framtid.
Dattatreya vert ofte ''avbilda'' med fire hundar og ei ku. Mange meinar at dette skal symbolisere dei fire vedane, og at Dattatreya er ''over'' vedaene.
Historisk skal Dattatreya ha vore ein asket som vandra rundt i fjella i Nord-India.



Hanuman ( apegeneralen)

Hanuman ( stor kjeve)  er ein apegud i hinduismen. Han stammar frå ei særskild gruppe med apemennesker kalla vanrae, difor  vert han framstillt med apeliknande trekk. Dei som tilber Hanuman ser ofte på apar som heilage
Hanuman er kjent for sin truskap mot guden rama, det rettvise og heilage livet han levde, rampestrekar som barn og utallige heltedådar som vaksen.
Hanuman var svært sterk, og det seiast at han òg kunne fly. Dette fordi mange reknar med at han var son til vindguden, Vaja





Jacobsen & Telle, (1999) ”Hinduismen & Buddhismen” Høyskoleforlaget, Kristiansand.
Jacobsen, Knut A. (2003) ”Hinduismen” Pax Forlag, Oslo.
Eidhammer m. flere (2006) ”Religioner og livssyn” Høyskoleforlaget
Sødal m. flere (2005) ”Bibelen” Høyskoleforlaget.


fredag 16. mars 2012

Historia til Human-etisk forbund

Human-etisk forbund vart grunnlagd 09.04.1956 av Kristian Horn. Han var sjølv leiaren i forbundet i ca. 20 år. Rett etter at det vart grunnlagd, kom det 254 medlemmer.
Frå 1966 vart det oppretta lokalavdelingar over heile Noreg. I dag finn ein ca. 120 lokallag og fylkeslag som høyrer til Human-etisk forbund i Noreg.

I 2011 hadde forbundet 78 000 medlem, som gjer til at det idag er det største trus- og livssynsforbundet utafor Den norske kyrkja.

Logoen til Human-etisk forbund


Kjelder:
Tekst: http://no.wikipedia.org/wiki/Human-Etisk_Forbund
Bilde: http://www.google.no/imgres?

Generelt om Jødedommen

 



Jødedommen er ein av dei tre store monoteistiske religionane (berre ein Gud),  saman med kristendommen og buddhismen. I forhold til dei andre store religionane er det færre tilhengarar i Jødedommen, bl.a. på grunn av andre verdskrig. Over 70% av jødane i verda bur enten i Israel eller USA, med omtrent 5,5 million i kvar av dei. Begge land har stor millitær makt. 


Jødane, i forhold til dei andre religionane, har opp igjennom historia blitt behandla dårleg og mindreverdig. Det heile toppa seg under andre verdskrig, då 6 millionar jødar vart drepne. Derfor var det mange jødar i tida rundt den andre verdenskrig som utvandra til USA og Palestina, seinare staten Israel. 


Israel er eit lite, tettbefolka land. Her bur folk 30 gongar tettare enn i Norge. Landet skiller seg ut frå mange av dei andre landa i Midtausten med demokrati og frie val. Landet har sidan Abraham si tid vore spesielt tilrekna det jødiske folket av Gud.


Kjelder:
Under Same Himmel 3
http://www.krlweb.net/religionane/KORTOM/Jodedommen.htm
http://en.wikipedia.org/wiki/Jews
http://no.wikipedia.org/wiki/Israel
http://no.wikipedia.org/wiki/Norge 


Bildekjelder:
http://www.geographicguide.com/pictures/maps/israel-map.jpg 
http://www.free-country-flags.com/countries/Israel/4/large/Israel.png 

torsdag 15. mars 2012

Synet på livet - i islam

Muslimane sitt mål for livet er å leve i samsvar med Allah, og gjere som han vil. Dei skal følgje dei fem søylene, og Allahs ord. Dersom dei gjer dette i løpet av livet, kjem dei til paradiset etter døden.
Mange muslimar meiner at meininga med livet er å gjere som Allah vil. Muslimar lærer at det sit ein engel på kvar av skuldrene deira. Den eine skriv ned det som menneske gjer godt, og den andre skriv ned det som menneske gjer vondt/gale. På sommedag skal Allah avgjere kven som er verdige til å komme til paradiset, og kven som skal hamne i helvete.
Men muslimar meiner også at om ein er så uheldig å komme til helvete, er det fortsatt håp. Dei meiner at ein ikkje forblir i helvete for alltid, men at ein kjem til paradiset seinare.
Engelen fører muslimar til paradiset

Djevelen fører muslimar til helvete



Kjelder:  http://www.google.no/imgres?q=djevel&num=10&hl=no&gbv=2&biw=1366&bih=624&tbm=isch&tbnid=HuFx_8Yh8wxbMM:&imgrefurl=http://maritagundersen1991.blogg.no/1232020891_bursdager.html&docid=DwMKZdaW9iIk0M&imgurl=http://i.blogg.no/282x282/http://maritagundersen1991.blogg.no/images/djevel_1232021282.jpg&w=282&h=282&ei=2EBiT-PVIoiB4gSt_pWOCA&zoom=1&iact=hc&vpx=174&vpy=108&dur=379&hovh=134&hovw=134&tx=106&ty=114&sig=118269283966680350471&sqi=2&page=1&tbnh=117&tbnw=117&start=0&ndsp=25&ved=1t:429,r:0,s:0
http://www.google.no/imgres?q=engel&start=122&hl=no&biw=1366&bih=624&gbv=2&addh=36&tbm=isch&tbnid=gw8DP_ZRpr_R3M:&imgrefurl=http://omlivetmitt.blogspot.com/&docid=97lwKHDzq3VdFM&imgurl=https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEgk7fNkepPADlK569UNG3CFcIMe35PkIjR-kTeREH_ft6dLWnylbpiPgvb-_WDpoxVL1821ujvEHh9Wp0fX2cPooIQLsHL_KDK0fdt2SSFRQWLViT72twPoaFfy-xACTIqhrjF0WUdWUB8/s1600/engel35.gif&w=250&h=240&ei=GUNiT5a2JbPP4QTv4pWtCA&zoom=1&iact=hc&vpx=197&vpy=70&dur=26&hovh=192&hovw=200&tx=126&ty=113&sig=118269283966680350471&page=5&tbnh=141&tbnw=153&ndsp=32&ved=1t:429,r:8,s:122
Under same himmel

Moskè - den heilage bygningen i islam

Den heilage bygningen i islam er moskèen.  Moskèar er vanlegvis eigne bygningar som er laga for å samle menneske til bøn, men det fins stader der vanlege leiligheiter, lagerlokale o.l, er teke i bruk til tilbeding av Allah.
Det er vanleg at muslimar ber fem gongar for dagen, og mange samlar seg i moskèen for å gjere det, men det går også an å gjere det andre plassar, som for eksempel heime.
Fredag er ein heilag dag for muslimane og då går alle menn i moskèen for å be fredagsbøna. Kvinner kan også gå til moskèen, men det er frivilleg. Men dersom dei ikkje går dit, har dei eit eige rom for bøn som erstattar moskèen.




Moskèar er ofte fint utsmykka - både på utsida og innsida. Bygget har vanlegvis store kupplar, og høge tårn ute, og inne ser ein ofte ornamentikk på veggane. Moskèar har fleire rom, eit for kvinner og barn, eit for menn, og eit rom der ein må vaske seg før ein går inn i sjølve moskèen for å be.







Når muslimar ber, er dei alltid vent mot Mekka. Grunnen til det er at Muhammed reiste dit. Ein av dei fem søylene til muslimane er å reise på ei pilegrimsreise til Mekka, denne reisa kallar dei hadsj. Alle kvinner og menn må gjennomføre reisa ein gong i livet, så lenge dei er i stand til det - både fysisk og økonomisk. Kvart år kjem det mellom 2-3 millionar muslimar til Mekka under hadsj (pilegrimsreisa).






Biletkjelder: http://www.google.no/imgres?q=moske+islam&num=10&hl=no&gbv=2&biw=1366&bih=667&tbm=isch&tbnid=7oKG_-V5EtWe0M:&imgrefurl=http://31154.vgb.no/&docid=ilZhHo9sJfFA1M&imgurl=http://bilder.vgb.no/28981/3col/img_47f832b11de2b.jpg&w=591&h=386&ei=STJiT5aQFeTj4QTa8YHgBw&zoom=1&iact=rc&dur=416&sig=118269283966680350471&sqi=2&page=1&tbnh=145&tbnw=189&start=0&ndsp=18&ved=1t:429,r:1,s:0&tx=75&ty=101       http://www.google.no/imgres?q=innside+av+moske+islam&hl=no&gbv=2&biw=1366&bih=624&tbm=isch&tbnid=MPgTKpRAycN_UM:&imgrefurl=http://www.worldgreatestsites.com/qolsharif-mosque-russia.htm&docid=SBz6EOm_bKI2EM&imgurl=http://www.worldgreatestsites.com/pics/inside-qolsharif-mosque.jpg&w=562&h=421&ei=oDZiT7OcLOPS4QSltNn3Bw&zoom=1&iact=hc&vpx=798&vpy=158&dur=352&hovh=168&hovw=225&tx=101&ty=83&sig=118269283966680350471&page=1&tbnh=135&tbnw=182&start=0&ndsp=21&ved=1t:429,r:4,s:0       http://www.google.no/imgres?q=muslimer+i+b%C3%B8nn&um=1&hl=no&sa=N&gbv=2&biw=1366&bih=624&tbm=isch&tbnid=OFPsDY89k3jJGM:&imgrefurl=http://depesjer.no/kategorier/nasjoner/pakistan/selvmordsangrep_er_u_islamsk&docid=c84IKtj-O0SZXM&imgurl=http://depesjer.no/var/plain/storage/images/media/nyhetsrelatert/religion/muslimer_i_boenn/98188-1-nor-NO/muslimer_i_boenn_articleimage.jpg&w=280&h=200&ei=tzdiT-CkApCQ4gTas9WQCA&zoom=1&iact=hc&vpx=195&vpy=163&dur=1300&hovh=160&hovw=224&tx=119&ty=78&sig=118269283966680350471&page=1&tbnh=127&tbnw=174&start=0&ndsp=19&ved=1t:429,r:0,s:0


Tekst: Under same himmel,   http://no.wikipedia.org/wiki/Mekka

tirsdag 13. mars 2012

Kunst i islam

Kunsten innanfor islam er laga for å prise og ære Allah. Akkurat som jødane, har også muslimane biletforbod. Grunnen til dette er at det ikkje skal oppstå avgudsdyrking, som vil sei at muslimane tilber eit bilet istadenfor Allah. På grunn av forbodet, har ikkje muslimane nokre bilet som viser korleis dei tidlegare profetane såg ut, og ingen veit då korleis dei var.



Kalligrafi (skjønnskrift) er utvikla frå arabisk, og er lett gjennkjenneleg i islam. Kalligrafien er kunst av ord, og har på mange måtar erstatta biletkunsten, ettersom det er mykje forbode.
Ornamentikk er også ei retning innanfor islamsk kunst, og dette byggjer på geometriske figurar. Alt som Allah har skapt, vert framstilte i denne kunsten. Mange muslimar har denne typen kunst på alle veggane i huset sitt - heile veggar kan vere måla/tapetesert med det.








Bildekjelder: http://www.google.no/imgres?        http://www.google.no/imgres?

Tekst: Under same himmel,  http://no.wikipedia.org/wiki/Kalligrafi
         

fredag 9. mars 2012

Synspunkt i Islam

Akkurat som i kristendommen, lærer også islam at menneske er skapte av Gud - eller Allah. Det er også skrive at menneska er den viktigaste av alle skapingane. I skapingslæra deira står det at Adam var den første som blei skapt, og at det var han som skulle ta vare på skaparverket. Saman med Allah, var Adam med på å råde over skapingane.
Då Eva og Adam åt av kunnskapstreet, vart det ikkje noko brot mellom menneske og Allah, men dei to vart utestengde frå Paradiset, og måtte derfor leve på jorda. Allah tilgav dei, fordi dei var på villspor - ikkje fordi dei hadde gjort noko vondt.
Adam og Eva er behandla likt, og Eva freistar ikkje Adam, fordi det er synd. Synd er ulydnad mot Allah, men menneska er fødde utan synd.

Menneske og alle andre skapningar skal underkaste seg vilja til Allah. Allah har skapt alt det gode, og å underkaste seg for Allah si vilje, vil føre til eit godt liv. Noko av det som inneber eit godt liv, er å følgje dei 5 søylene: Truvedkjenninga
             Bøna
             Fasten
             Velferdsbidraget
             Pilgrimsreisa

Menneske er sjølv ansvarlege for handlingane sine, dei vel sjølv det som er rett og det som er gale. Allah skapar handlingane, men menneske må ta vala sjølve for kva dei skal gjere og ikkje gjere. Muslimar seier at handlingane dei gjer, er Allah si vilje. ''In sha Allah'' seier dei. På norsk blir det: ''Dersom Gud vil''



Kjelder: Under same himmel
             http://www.google.no/imgres?q=islam&um=1&hl=nn&gbv=2&tbm=isch&tbnid=a-OG1095dkPVDM:&imgrefurl=http://infomuslimah.com/category/miracle-of-islam/&docid=cKd_nAfBV_xeBM&imgurl=http://infomuslimah.com/wp-content/uploads/2011/11/Islam.jpg&w=2816&h=2112&ei=4QdaT8uCC6aM4gSH_82aDw&zoom=1&iact=rc&dur=78&sig=106488008331041666593&page=2&tbnh=131&tbnw=193&start=18&ndsp=24&ved=1t:429,r:10,s:18&tx=61&ty=68&biw=1280&bih=603

torsdag 8. mars 2012

Litt om Islam

Tihengjarane av Islam trur på Allah, som er deira gud. Dei har også ei heilag bok som dei kallar Koranen. Koranen inneheld profeten Muhammeds openberring. Koranen er skriven på arabisk, og dei som er oversett til andre språk er ugyldige, meiner muslimane.




 Muhammed er ein veldig sentral person i Islam. Han vart fødd rundt år 570, og døydde 632, og er rekna for å vere grunnleggjaren av religionen. Muhammed var Allahs profet, og det var han som tok imot openberringane, som vart skrivne ned i Koranen for å bli vidare formidla til menneska.    

fredag 2. mars 2012

Generellt om Hinduismen

Hinduismen er den tredje største verdsreligionen, med rundt 795 millionar tilhengjarar. Hindusimen er i tillegg den eldste verdsreligionen med røter heilt tilbake til 3000 før kristus. Denne eldgamle religionen er i dag den raskast veksande religionen. På femten  år har talet på hinduar i verda fordobla seg!
Majoriteten av hinduane bur i India, men det er òg grupper av hinduar i nærliggande områder i Asia. I tilleg til det finn vi hinduistisk religion i Sør Amerika, og Sør afrika.
Hinduismen har ingen grunleggar, men det er truleg at religionen hadde sitt utspring hjå indoeuropeiske krigarar, men endå hinduismen er den eldste religionen, har den blitt påverka av religionar opp igjennom tidene.