tirsdag 13. mars 2012

Kunst i islam

Kunsten innanfor islam er laga for å prise og ære Allah. Akkurat som jødane, har også muslimane biletforbod. Grunnen til dette er at det ikkje skal oppstå avgudsdyrking, som vil sei at muslimane tilber eit bilet istadenfor Allah. På grunn av forbodet, har ikkje muslimane nokre bilet som viser korleis dei tidlegare profetane såg ut, og ingen veit då korleis dei var.



Kalligrafi (skjønnskrift) er utvikla frå arabisk, og er lett gjennkjenneleg i islam. Kalligrafien er kunst av ord, og har på mange måtar erstatta biletkunsten, ettersom det er mykje forbode.
Ornamentikk er også ei retning innanfor islamsk kunst, og dette byggjer på geometriske figurar. Alt som Allah har skapt, vert framstilte i denne kunsten. Mange muslimar har denne typen kunst på alle veggane i huset sitt - heile veggar kan vere måla/tapetesert med det.








Bildekjelder: http://www.google.no/imgres?        http://www.google.no/imgres?

Tekst: Under same himmel,  http://no.wikipedia.org/wiki/Kalligrafi
         

1 kommentar:

  1. Gode døme på islamsk kunst, og fint at du trekk linja til jødisk kunst også. Dette var ryddig og godt forklart!

    SvarSlett