onsdag 23. mai 2012

Høgtider

Tradisjonar og høgtider varierer mykje frå muslim til muslim. Kva slags merkedagar og høgtider kvar enkelt muslim praktiserar er delvis avhengig av kva land personen kjem frå, og kor aktiv han er i trua.
Dei to retningane innanfor islam, shiaislam og sunniislam, er ikkje einige om kva slags hadit-samlingar* som er mest truverdige. Derfor vert nokre høgtider berre feira av den eine gruppa.
(*Hadit-samlingar er forteljingane om kva profeten Muhammed sa og gjorde)

Felles for begge retningane: 
  • Fredag er ein viktig dag. Grunnen til det er at muslimar meiner at religiøse handlingar som vert utførte på ein fredag, er betre enn det som vert gjort elles i veka.
  • Ramadan. Den 9. måneden, etter den muslimske kalenderen, skal alle muslimar faste når det er dagslys.
  • Fastebrytningsfesten er ein fest der musimar feirar at Ramadan er ferdig.
  • Den store festen er ein ''offerfest'' for å hylle at Abraham ofra eit lam i staden for sonen sin, Isak. Festen er 2 månedar og 10 dagar etter fastebrytingsfesten.
  • Ashurah er til minne om at Allah redda Moses og jødane frå faraoen i Egypt. Det er også dagen då Muhammeds barnebarn vart drepen i slaget ved Kerbala. Mange muslimar ''gjenopplever'' dagen veds å slå seg sjølv til blods. 
  • Muslimsk nyttår feiras ikkje som ein offisiell islamsk heilag dag, men mange muslimar har ulike tradisjonar for dagen.
  • Profetens fødselsdag er for å feire Muhammed. I ''Den Islamske Bevegelse'', ei gruppe innanfor islam, er det forbode å feire denne dagen. Også mange arabiske land har forbudt å praktisere feiring av dagen.
  • Laylat al-Qadr, på norsk skjebnenatta, er rekna for å vere den mest heilage natta gjennom heile året, og er alltid i slutten av Ramadan. Det er sagt at det skal vere den natta at Koranen vart openbert til Muhammed. Mange meiner også at dei som ber frivilleg denne natta får tilgjeving for alle syndene sine.
  • Laylat ul-Isra' wa I-Miraaj er til minne om dagen då Muhammed vart teke med til ''den ytterste moske'' og steig opp i himmelen. 
  • Laylat ul-Bara'ah: mange reiser til gravene der dei nærmaste ligg. Muslimar er vakne heile natta for å be, i håp om å ikkje døy i komande år.
Illustrasjonsbilde for Layat al-Qadr
http://www.google.no/imgres


Kjelde:-  http://no.wikipedia.org/wiki/Islamske_h%C3%B8ytider
           - (sjå under bilde)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar