Gudar i hinduismen
Religionen hinduisme er til forskjell for dei fleste religionar polyteistisk. Det vil seie at religionen har to eller fleire gudar i staden for ein allmektig gud. Hinduismen har eit vidt spekter av gudar, mildt sagt! Det finns forskjellige gudar for ulike delar av tilhengjarane og til ulike periodar av livet. Det er umogleg å presentere alle dei hinduistiske gudane i dette inlegget ogvanskeleg i det heile tatt!
Men eg skal prøve å gje eit kort samandrag av nokre av dei mest sentrale hindusitiske gudane.
|
Guden Vishnu, opretthaldaren |
Vishnu
Vishnu er ein av ''hovudgudane'' i hinduistisk religion. Med omkring 700 millionar tilhengjarar.
Vishnu vert ofte rekna som å vere tilstade i alle ting, samtidig som han òg vert spesifisert til å vere ein ''person''.
Vishnu er opretthaldaren av verdsordenen. For å gjere dette, må han ofte ta form som ein avatar stige ned på jorda, og rydde opp eller bekjempe ondskapen som trugar verda. Han kan ta form som ei skilpadde eller eit villsvin. Men dei to viktigaste
nedstigingane/ avatarane hans er rama og krishna.
Vishnu er fyllt med kjærleik og medfølelse, og vert ofte kalla kjærleikens gud. I trimurti ( hinduistisk konsept om ein treeinigheit, der funksjonane skapelse, oppretthalding og øydelegging vert representert av gudane brahama, vishnu og shiva) representerar Vishnu opretthalding.
Vishnu er ''gift'' med gudinna lakshmi.
http://www.google.no/imgres?
|
Den heilage treeinigheita Brahaman, Vishnu og Shiva med konene |
http://no.wikipedia.org/wiki/Fil:Brahma,_Vishnu_and_Shiva_seated_on_lotuses_with_their_consorts,_ca1770.jpg
Brahama
Brahama er skaparguden i hinduismen. Kreftene hans vert kalla brahaman, som tyder verdssjela. Han herskar over dei fire himmelretninga, noko som vert symbolisert i måleri og teikningar der han har fire ansikt. Ein kan til alle tider berre sjå tre av dei, men hinduistiske skrifter fortel at han har fire.
I tillegg til dette er brahama visdomsguden. Sjølv om Brahama er skaparguden, vert han i liten grad tilbedt av hinduistar generellt.
|
Brahama med sine fire ansikter i ein lotus |
http://www.google.no/imgres?um=1&hl=nn&sa=N&gbv=2&tbm=isch&tbnid=eGvamnwpjoJRWM:&imgrefurl=http://compartiendoculturas.blogspot.com/2010/02/brahma.html&docid=SD7phb9bmK6HTM&imgurl=http://www.artoflegendindia.com/images/images_big/pbaaf001_brahma_the_creator.jpg&w=550&h=717&ei=JT5jT4XmM-nf4QTI4tyDCA&zoom=1&iact=hc&vpx=433&vpy=114&dur=3562&hovh=256&hovw=197&tx=134&ty=120&sig=100356841567473499007&page=1&tbnh=129&tbnw=92&start=0&ndsp=22&ved=1t:429,r:2,s:0&biw=1280&bih=603
Brahama er ''gift'' med gudinna for kunst, musikk og litteratur, og i nokre tradisjonar har han endå ei hustru, Gayatri. Gayatri er gudinna for oppegåande velsigning og livsgjevande kraft.
Til forskjell frå Shiva og vishnu, er ikkje Brahama ein evig gud. Når ei ny verd skal skapast, veks det ein lotus ut av navlen til Vishnu, og der skal den nye Brahaman vere.
Shiva
Shiva er i lag med Brahama og Vishnu ein av dei høgaste, og ein av dei mest tilbedte gudane. Shaivaismen (retninga for dei som fast tilber Shiva) er ein av dei største hinduistiske greinane med 30% av hinduistane.
Shiva er verken god eller ond, sjølv om han fungerar som øydleggaren i trimurti. Shiva vert ofte framstilt i lag med kona si, og hans kvinnlege motstykke, Parvati.
Shiva representerer meditasjon, askese, fruktbarhet, den øydeleggande krafta og velgjeraren.
Shiva vert ofte framstillt sittande på kremasjonsstade innsmurt i aske med slangar rundt seg, skitten og ustellt. Shiva likar òg å nytte seg av alkohol, opium og cannabis.
Devi, gudinna
By you this universe is borne, By you this world is created, O Devi, by you it is protected."
(Devi-Mahatmya)
Devi betyr bokstaveleg talt gudinna.
Gudinna Devi fungerar fyrst og framst som ei kosmisk kraft som øydelegger djevelske farer som trugar likevekta i verda.
I orden er Devi med å forme, øydelegge og gjenforme verda.
I andre tilfeller stig Devi ned på jorda for å vere eit godt forbilete for kvinnene på jorda. I tilleg til dette donerar ho rikdom og suksess til sine tilhengjarar.
Difor er Devi også ofte ''beskyttar'' for landsbyar, byar og stammefolk.
Devi vert beskriven som eldre enn tid, men fortsatt tida sjølv. Ho har ikkje noko form, men kan bli funne i alle former på jorda. Ho er tilstades i alle ting, men forbigår alle ting. Ho forandrar seg heile tida, men ho er til evig tid den same.
Ganesha
Ganesha ( '' de prominentes leder'' ) er son til Shiva og Parvati, og guden for visdom, litteratur og verdssuksess.
Ganesha har eit elefanthovud, etter at far hans shiva, måtte finne eit nytt houvud til son sin. Shiva hadde i reddsle kutta av hovudet til son sin, fordi han ikkje gjenkjente han. Elefanthovudet var erstattninga shiva fann.
Elefanter er ofte assossiert med å leve lenge, å aldri gløyme, er modige lojale og snille.
Det er Ganesha sitt ansvar å bestemme mellom suksess og feiling, lage og fjerne hindringar. Ganesha rir på ei rotte eller ei mus, som skal symbolisere at Ganesha kan ''gnage'' seg gjennom, og fjerne alle hinder.
Sidan Ganesha er guden for visdom, er det vanleg at studentar ber til Ganesha om hjelp i studietida.
Dattatreya
Dattatreya er ein hindusitisk gudeskikkelse. Nokre reknar Dattatreya for å vere ein reinkarnasjon av vishnu, andre ein avatar for dei tre gudane i trimurti.
Dattatreya har tre hovud, noko mange meinar symboliserar trimurti eller fortid, notid og framtid.
Dattatreya vert ofte ''avbilda'' med fire hundar og ei ku. Mange meinar at dette skal symbolisere dei fire vedane, og at Dattatreya er ''over'' vedaene.
Historisk skal Dattatreya ha vore ein asket som vandra rundt i fjella i Nord-India.
Hanuman ( apegeneralen)
Hanuman ( stor kjeve) er ein apegud i hinduismen. Han stammar frå ei særskild gruppe med apemennesker kalla vanrae, difor vert han framstillt med apeliknande trekk. Dei som tilber Hanuman ser ofte på apar som heilage
Hanuman er kjent for sin truskap mot guden rama, det rettvise og heilage livet han levde, rampestrekar som barn og utallige heltedådar som vaksen.
Hanuman var svært sterk, og det seiast at han òg kunne fly. Dette fordi mange reknar med at han var son til vindguden, Vaja
Jacobsen & Telle, (1999) ”Hinduismen & Buddhismen” Høyskoleforlaget, Kristiansand.
Jacobsen, Knut A. (2003) ”Hinduismen” Pax Forlag, Oslo.
Eidhammer m. flere (2006) ”Religioner og livssyn” Høyskoleforlaget
Sødal m. flere (2005) ”Bibelen” Høyskoleforlaget.